Om Kolbeinsvik Montessoriskule

Kolbeinsvik Montessoriskule er ein privat skule, driven etter Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp.

Kolbeinsvik Montessoriskule er ein montessoriskule for 1.-7.trinn i Kolbeinsvik, Austevoll. Skulen er ein leksefri heildagsskule, med aldersblanda grupper.

Skulen vert driven etter læreplan for montessoripedagogikk (godkjent av Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet).

Skulen held til i lokala til tidlegare Kolbeinsvik skule, 5394 Kolbeinsvik. Skulen er open for elevar frå heile Austevoll og Noreg.

Om du vil veta meir om montessoripedagogikk, kan du lesa her, eller gå inn på www.montessorinorge.no

Vi tilbyr

  • Grunnskule 1.-7.trinn
  • Aldersblanding på alle trinn
  • Skulen er delt i to større grupper, gruppe1 er dei yngste og gruppe 2 er dei eldste.
  • Undervisning etter montessoripedagogiske prinsipp og Montessorilæreplanen.
  • Personale med vidareutdanning i montessoripedagogikk
  • Gode undervisningslokale
  • Stort skuleområde med varierte aktivitetar
  • Felles skulelunsj for alle trinn
  • Uteskule
  • Skulen har eigen minibuss
  • Symjeundervisning for 1.-5.tr + 7.tr 
  • Tilbod om SFO og oppstart dersom det er nok søkjarar.

Bli medlem i foreininga KMS

Medlemskap i foreininga kostar kr 100,– per medl. per år.

Kontonummer: 6504.06.35402

Det er høve til å betale kontingent for fleire år samstundes.

Alle betalande medlemar har stemmerett ved årsmøtet.

Bli medlem

Har du spørsmål?

​Vi har rask responstid og er alltid ​tilgjengelig for å svare på dine spørsmål.

Send oss en henvendelse via skjemaet, eller ring oss på telefon

947 80 548

kontaktskjema